Oddny

Oddny NO

Pop / Indie Pop
Oddny markerte seg i 2023 med låten «Oktober, Bergen by» som i heile 20 veker var A-lista på P1 nasjonalt. I 2024 vann dei Luttprisen i kategorien “Årets nykommar”. Gruppa har fått særleg merksemd for dei karakteristiske tekstane på dialekt, og for å vere eit unikt liveband med ei heilt eigen sceneframferd. Musikken deira kombinerer det vestlandske underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Dei syng om tema som mange kjenner seg igjen i, og musikken appellerer til eit breitt spekter av lyttarar og publikummarar. Bandet har i 2024 spelt ei rekkje utselde konsertar, blant anna i Oslo, Stavanger og Bergen, og blitt booka til fleire bransjefestivalar i 2024 og 2025. Oddny blir omtala som eit vestnorsk unikum med potensiale for å oppnå store ting. Gutane har hovudkvarter i «Gamlehuset på Håjen» i bygda Bremanger, der dei i periodar bur, musiserer, skriv og spelar inn. Stadig meir av Oddny sin musikk blir spelt inn for eigahand i Gamlehuset, med trommis og produsentspire Oliver Igland bak spakane. Dei gir ut på eige selskap, HotWater, i assosiasjon med MATE Distribusjon. Oddny er i framovergir, har planen klar og ny musikk er rett rundt hjørnet!
spotify
facebook
instagram
soundcloud
youtube
itunes
deezer
tiktok

Upcoming Festivals

No Festivals Found !

Oddny has no upcoming festivals for now

Explore More

Browse Artists by Genre

Festivals by Genre